Utrydding av fugleartar

Hannfugl av vandredue, Ectopistes migratorius, utrydda i 1914, austre Canada og USA

Lagnaden til vandredue i Nord-Amerika er eit slåande døme på utrydding av fugleartar som har skjedd i nyare tid. Frå ein bestand estimert til totalt ca. fem milliardar[1] individ midt på 1850-talet, vart arten snøgt jakta ned fram til den siste ville vandredua blei skoten i 1902.[2]

Geirfugl, Pinguinus impennis, utstoppa eksemplar i Natural History Museum, London

Alkefuglen geirfugl er eit sentralt og ikonisk døme i forteljinga om utrydding av fuglar i historisk tid. Han er den einaste kjente arten med leveområde i Europa som blei utrydda i historisk tid, den einaste med nærvære i Noreg og ein mogleg tidlegare hekkefugl i landet. Ei hending ved Vardø i 1848 er skildra som ei mogleg siste avliving av ein geirfugl, men hendinga er ikkje rekna som vitskapleg truverdig observasjon av arten.[3]

Av dei omtrent 10 700[4] til 11 100[5] fugleartane som har vore skildra, er 159 artar utrydda, og 225 artar er kritisk truga, av dei som er kategoriserte kritisk truga er 22 sannsynlegvis allereie utrydda. Det er ei generell semje blant forskarar som studerer desse trendane om at viss menneskeleg innverknad på miljøet held fram som siste tiåra, så vil ein tredel av alle fugleartar og ein endå større del av fuglebestandane vere borte ved slutten av dette hundreåret.[6]

Nokre artar som ikkje er utdøydde og verkar rikelege i bestand, har trass i dette fått reduserte populasjonar frå tidlegare år. Til dømes har populasjon av trastar i Nord-Amerika gått ned 50 % dei siste 50 åra. I følgje American Bird Conservatory minkar 12 % av fugleartane på den vestlege halvkula med ei slik fart at dei vil bli utrydda i løpet av det neste hundreåret.[7]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Fitz579
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet bw
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet nrk
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ebird
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet BLI
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Ehrlich
  7. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet abc

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search